Rekneskap Fjordane AS
Vi er eit lokalt rekneskapskontor og har kontor på Sande og i Førde. Få flyt i rekneskapen og kontakt oss i dag.
Våre tilsette har brei erfaring innan alle typar rekneskap og er jamnleg på kurs for å vere oppdatert på lover, regelverk og ikkje minst arbeidsmetodar. Dette gjer vi slik at du som kunde skal vere sikra effektive rekneskapstenester av høg kvalitet. Vi er opptatt av å gje det vesle ekstra til våre kundar.


Autorisert rekneskapskontor
Rekneskap Fjordane AS er eit autorisert rekneskapskontor med fokus på kvalitet, effektivitet og god service. Vi er totalt 18 tilsette og av desse er 13 autoriserte rekneskapsførarar.

Skreddarsydde løysingar
Vi ynskjer å tilby kundane våre skreddarsydde tenester som sikrar effektive og gode løysingar . Vi ynskjer og å vere ein god rådgjevar og medhjelpar.

Gode tilbod
Vi ynskjer deg velkomen innom til ein uforpliktande prat. Då kan vi kartlegge dine behov og ynskjer og finne ut om nettopp vi høver å bli dykkar rekneskapsførar og rådgjevar.